mandag 7. februar 2011

Nytt frå årsmøtet 5.2.121.

Nytt frå årsmøtet

Luster Arbeidarparti holdt årsmøte på Fjordstova laurdag den 5. februar med vel 40 medlemmar til stades. Leiaren i Luster Arbeidarlag, Elin Hauge, ønskte oss velkommen til Skjolden og vel møtt til årsmøtet.

Fyrste sak på programmet var godkjenning av årsmelding. Den vart samrøstes vedteken og den finn du her

Det var komme inn fleire framlegg til resulosjonar frå lokallaga som alle vart vedtekne samrøystes. Dei finn du her:

Styrke tilbodet til særleg ressurskrevjande tenestemottakarar.

Innføre meir praktiske fag/valfag i ungdomskulen.

Satse på staduavhengige arbeidsplassar i Luster med Næringssattelitt i Gaupne.

Skulestrukturen i Luster.

Ta heile landet i bruk. Samferdsle.

Taksering av kraftanlegg.

Her er det nye styret i Luster Arbeidarparti for 2011:

Leiar Finn Roald Skare
Nestleiar: Kirsten Vikdal
Sekretær Odd Atle Stegegjerdet
Kasserar Svein Tore Heltne
Studieleiar Marianne Bugge
Styremedl Elin Hauge kvinnepolitisk ansvarleg
Oddstein Haugen
Jon Berget
AUF Anette Stegegjerdet Norberg

Av dette ser ein at det vart gjort ein endring. Anders Bolstad hadde bedt om fritak som kasserar og Svein Tore Heltne vart vald til ny.

Her ser du ein del bileter frå møtet:

Anders Bolstad fekk blomar får “Lang og tru tenester” Han gjekk ut av styret og har ynskjer heller ikkje å gå på ny periode i kommunestyret.

Tor Bremer heldt tale for dagen.

Det var også Tor Bremer som delte ut heidersteikn for mange års medlemskap . Anders Fortun, Per L. Kvam og Mathilde Eide (Ikkje til stades) fekk plakett for 50 års medlemskap medan dei andre fekk sølv eller gullmerke.

Til slutt varta skjoldingane i Luster Arbeidarlag opp med rundstykker og bløtkake.

Eit svært vellukka årsmøte var til endes. Ein god start på nytt arbeidsår med kommunestyre og fylkestingsvalet til hausten som den store oppgåva.