torsdag 3. mars 2011

Ny heimeside / blogg

Luster Arbeidarparti er flytta til ny adresse.

Om du skriv inn adressa sjølv er ho : www.luster.arbeiderparti.no

mandag 7. februar 2011

Nytt frå årsmøtet 5.2.121.

Nytt frå årsmøtet

Luster Arbeidarparti holdt årsmøte på Fjordstova laurdag den 5. februar med vel 40 medlemmar til stades. Leiaren i Luster Arbeidarlag, Elin Hauge, ønskte oss velkommen til Skjolden og vel møtt til årsmøtet.

Fyrste sak på programmet var godkjenning av årsmelding. Den vart samrøstes vedteken og den finn du her

Det var komme inn fleire framlegg til resulosjonar frå lokallaga som alle vart vedtekne samrøystes. Dei finn du her:

Styrke tilbodet til særleg ressurskrevjande tenestemottakarar.

Innføre meir praktiske fag/valfag i ungdomskulen.

Satse på staduavhengige arbeidsplassar i Luster med Næringssattelitt i Gaupne.

Skulestrukturen i Luster.

Ta heile landet i bruk. Samferdsle.

Taksering av kraftanlegg.

Her er det nye styret i Luster Arbeidarparti for 2011:

Leiar Finn Roald Skare
Nestleiar: Kirsten Vikdal
Sekretær Odd Atle Stegegjerdet
Kasserar Svein Tore Heltne
Studieleiar Marianne Bugge
Styremedl Elin Hauge kvinnepolitisk ansvarleg
Oddstein Haugen
Jon Berget
AUF Anette Stegegjerdet Norberg

Av dette ser ein at det vart gjort ein endring. Anders Bolstad hadde bedt om fritak som kasserar og Svein Tore Heltne vart vald til ny.

Her ser du ein del bileter frå møtet:

Anders Bolstad fekk blomar får “Lang og tru tenester” Han gjekk ut av styret og har ynskjer heller ikkje å gå på ny periode i kommunestyret.

Tor Bremer heldt tale for dagen.

Det var også Tor Bremer som delte ut heidersteikn for mange års medlemskap . Anders Fortun, Per L. Kvam og Mathilde Eide (Ikkje til stades) fekk plakett for 50 års medlemskap medan dei andre fekk sølv eller gullmerke.

Til slutt varta skjoldingane i Luster Arbeidarlag opp med rundstykker og bløtkake.

Eit svært vellukka årsmøte var til endes. Ein god start på nytt arbeidsår med kommunestyre og fylkestingsvalet til hausten som den store oppgåva.






tirsdag 25. januar 2011

Årsmøte Gaupne Arbeidarlag

Dessverre var det vanskeleg å få sett saman nytt styre på det ordinære årsmøtet i Gaupne Arbeidarlag. Derfor vert det med dette innkalla til:

Ekstarordinært årsmøte 21. februar kl 19.30

på ATS

søndag 9. januar 2011

Innkalling til årsmøte

Luster Arbeidarparti held årsmøte på Fjordstova, Skjolden laurdag den 5. februar kl 18.00.

Sakliste:

Godkjenning av årsmelding
Godkjenning av reknskap
Val
Innkomne saker
Vedtektsendring (Medlemsmøte eller representantskap som høgste organ mellom årsmøta)

Saker ein vil ha handsama på årsmøtet må vere styret i hende innan 22. januar.
Kan sendast til finn.skare@gmail.com

Det blir utdeling av heidersmerker


Servering

søndag 5. desember 2010

Åshild Kjelsnes på førsteplassen

Nominasjonsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti på Skei laurdag valde Åshild Kjelsnes og Nils P. Støyva samrøystes på dei to første plassane.
Som sikker alle veit var Luster Arbeidarparti eit av partilaga som ikkje ville ha Harry Mowatt og Clara Øberg på lista. I tillegg ville Luster sjølvsagt ha vår kandidat Odd Atle Stegegjerdet på sikker plass. Det vart utarbeida eit alternativt forslag til liste som stetta desse ønskjene og som vart fremja i møtet. Alle desse framlegga fekk 56 røyster mot 51 røyster for nominasjonsnemda sitt framlegg.

Slik vart dei 20 fyrste plassane til slutt:

1. Åshild Kjelsnes, Flora 1957
2. Nils P. Støyva, Stryn 1962
3. Hilmar Høl , Årdal 1969
4. Karianne Torvanger, Flora 1978
5. Torbjørn Vereide, Gloppen/AUF 1989
6. Jorunn Eide Kirketeig, Førde 1959
7. Odd Atle Stegegjerdet, Luster 1958
8. Eva Hage Solstad, Lærdal 1959
9. Henrik Oppen, Høyanger 1957
10. Helen Hjertaas, Vågsøy 1967

11. Arve Helle, Fjaler 1971
12. Laila Rinde, Bremanger 1975
13. Atle Reidar Sandnes, Jølster 1964
14. Olaug Solheim Rotihaug, Eid 1964
15. Bjørnar Førde, Bremanger 1959
16. Solveig Løvik Norevik, Høyanger 1947
17. Håkon Myrvang, Naustdal 1953
18. Marta Finden Halset, Vik 1950
19. Harald Offerdal, Balestrand 1956
20. Olav Lunden, Leikanger 1955

Luster hadde 12 utsendingar til møtet:

Finn Skare
Malvin Moen
Birgit Fossen
Bjørg Stegegjerdet
Kirsten Vikdal
Hans Herman Kalhagen
Bergliot Buskaker
Thorill Tønnesen
Geir Arne Kvam
Jorunn Ødegård
Kåre Høyheim
Odd Atle Stegegjerdet

tirsdag 23. november 2010

Medlemsmøte tysdag 30.11.10.

Tysdag den 30. november kl 19.30. arrangerar Luster Arbeidarparti medlemsmøte på Rådhuset i Gaupne.

Sakliste:

Budsjett og økonomiplan. Dette blir hovudsaka denne kvelden. Den skal handsamast i formannskapet den 1. desember.

Her finn du budsjettet i kortversjon

Her finn du heile budsjettet




Det vert også høve til å ta opp andre saker under ymse på saklista.


Alle medlemmar velkomne.



Finn Skare
leiar

fredag 5. november 2010

Kommunevalet i Luster 2011

Kommunevalet i Luster 2011
Nominasjonsnemnda sitt førebelse framlegg til liste

1.Torunn Gauteplass Hønsi
2.Finn Roald Skare/ Ivar Buskaker ( Røystefordeling 5/3)
3.Ivar Buskaker/Finn Roald Skare (Røystefordeling 5/3)
4.Anette Stegegjerdet Norberg
5.Morten Vigdal
6.Marianne Bugge
7.Elin Hauge
8.Kjell Magne Solstad
9.Oddbjørg Ese
10. Hanne Teigen
11.Jorunn Ødegård
12.Odd Atle Stegegjerdet
13.Karita Hjelmeland
14.Svein Tore Heltne
15.Bente Myklebust
16.Kjell Arild Brendstuen
17.Anne Britt Kjærvik
18.Geir Arne Kvam
19.Anne Marie Bolstad
20.Even Loe
21.Hildegunn Øygard Hansen
22.Daniel Fossheim
23.Terese Hilleren
24.Svein Arve Ruud
25.Kristin Sønnesyn
26.Kåre Høyheim
27.Bergljot Buskaker
28.Gaupne –mann
29.Anne Helen Natvik
30. Thomas Skjerven
31. Gaupne-kvinne
32. Eli Hansen Moen

Arbeiderlaga og AUF i Luster har no frist til 10. jan 2011 til å koma med endringsforslag.

Endeleg liste skal vera klar 20 jan 2011

Anders Bolstad

Leiar i nominasjonsnemda Luster Arbeiderparti