søndag 5. desember 2010

Åshild Kjelsnes på førsteplassen

Nominasjonsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti på Skei laurdag valde Åshild Kjelsnes og Nils P. Støyva samrøystes på dei to første plassane.
Som sikker alle veit var Luster Arbeidarparti eit av partilaga som ikkje ville ha Harry Mowatt og Clara Øberg på lista. I tillegg ville Luster sjølvsagt ha vår kandidat Odd Atle Stegegjerdet på sikker plass. Det vart utarbeida eit alternativt forslag til liste som stetta desse ønskjene og som vart fremja i møtet. Alle desse framlegga fekk 56 røyster mot 51 røyster for nominasjonsnemda sitt framlegg.

Slik vart dei 20 fyrste plassane til slutt:

1. Åshild Kjelsnes, Flora 1957
2. Nils P. Støyva, Stryn 1962
3. Hilmar Høl , Årdal 1969
4. Karianne Torvanger, Flora 1978
5. Torbjørn Vereide, Gloppen/AUF 1989
6. Jorunn Eide Kirketeig, Førde 1959
7. Odd Atle Stegegjerdet, Luster 1958
8. Eva Hage Solstad, Lærdal 1959
9. Henrik Oppen, Høyanger 1957
10. Helen Hjertaas, Vågsøy 1967

11. Arve Helle, Fjaler 1971
12. Laila Rinde, Bremanger 1975
13. Atle Reidar Sandnes, Jølster 1964
14. Olaug Solheim Rotihaug, Eid 1964
15. Bjørnar Førde, Bremanger 1959
16. Solveig Løvik Norevik, Høyanger 1947
17. Håkon Myrvang, Naustdal 1953
18. Marta Finden Halset, Vik 1950
19. Harald Offerdal, Balestrand 1956
20. Olav Lunden, Leikanger 1955

Luster hadde 12 utsendingar til møtet:

Finn Skare
Malvin Moen
Birgit Fossen
Bjørg Stegegjerdet
Kirsten Vikdal
Hans Herman Kalhagen
Bergliot Buskaker
Thorill Tønnesen
Geir Arne Kvam
Jorunn Ødegård
Kåre Høyheim
Odd Atle Stegegjerdet

tirsdag 23. november 2010

Medlemsmøte tysdag 30.11.10.

Tysdag den 30. november kl 19.30. arrangerar Luster Arbeidarparti medlemsmøte på Rådhuset i Gaupne.

Sakliste:

Budsjett og økonomiplan. Dette blir hovudsaka denne kvelden. Den skal handsamast i formannskapet den 1. desember.

Her finn du budsjettet i kortversjon

Her finn du heile budsjettet




Det vert også høve til å ta opp andre saker under ymse på saklista.


Alle medlemmar velkomne.



Finn Skare
leiar

fredag 5. november 2010

Kommunevalet i Luster 2011

Kommunevalet i Luster 2011
Nominasjonsnemnda sitt førebelse framlegg til liste

1.Torunn Gauteplass Hønsi
2.Finn Roald Skare/ Ivar Buskaker ( Røystefordeling 5/3)
3.Ivar Buskaker/Finn Roald Skare (Røystefordeling 5/3)
4.Anette Stegegjerdet Norberg
5.Morten Vigdal
6.Marianne Bugge
7.Elin Hauge
8.Kjell Magne Solstad
9.Oddbjørg Ese
10. Hanne Teigen
11.Jorunn Ødegård
12.Odd Atle Stegegjerdet
13.Karita Hjelmeland
14.Svein Tore Heltne
15.Bente Myklebust
16.Kjell Arild Brendstuen
17.Anne Britt Kjærvik
18.Geir Arne Kvam
19.Anne Marie Bolstad
20.Even Loe
21.Hildegunn Øygard Hansen
22.Daniel Fossheim
23.Terese Hilleren
24.Svein Arve Ruud
25.Kristin Sønnesyn
26.Kåre Høyheim
27.Bergljot Buskaker
28.Gaupne –mann
29.Anne Helen Natvik
30. Thomas Skjerven
31. Gaupne-kvinne
32. Eli Hansen Moen

Arbeiderlaga og AUF i Luster har no frist til 10. jan 2011 til å koma med endringsforslag.

Endeleg liste skal vera klar 20 jan 2011

Anders Bolstad

Leiar i nominasjonsnemda Luster Arbeiderparti

onsdag 3. november 2010

Ny funksjon på bloggen

Det har vore framsett ynskje om å finnne ein link til nettstaden Mittarbeiderparti.no her. No finn du den øverst til høgre.

Mittarbeiderparti.no er ein nettstad som er særs tenleg for tillitsvalde i partiet. Der kan ein utføre ein del tenester overfor medlemmar og ein kan halda seg oppdatert på ymse vis. Det er også aktuellt for alle medlemmar av partiet å registrere seg der. Ein får på den måten tilgang til ein del opplysningar og informasjon på ein lett måte og ein kan delta eller følje med på mange spanande debattat.

Lukke til

Finn

torsdag 21. oktober 2010

Medlemsmøte 2. november

Luster Arbeidarparti held medlemsmøte på Rådhuset tysdag 2. november klokka 19.00.

Sakliste:

Val av utsendingar til nominasjonsmøte i fylkespartiet
Her finn du tal utsendingar frå kvar kommune.

Handsaming av endeleg framlegg til fylkesvalliste
Her finn du nominasjonsnemda sitt endelege framlegg.

Handsaming av endeleg framlegg til fylkesvalprogram
Her finn du programmet

Uttale om budsjettet for Luster Kommune. Budsjettforslaget vert framlagt 28. oktober.
Her finn du budsjettet i kortversjon
Her finn du heile budsjettet


Vel møtt.

Styret

torsdag 16. september 2010

Medlemsmøte onsdag 22. sept



Luster Arbeidarparti

held medlemsmøte onsdag 22. september klokka 19.00 på Rådhuset.

Sakliste:
1. Uttale til fylkesvalprogrammet

2. Uttale til framlegg til fylkestingsliste
Plass nr 4 Anette Stegegjerdet Norberg er ikkje aktuell. Ho kan ikkje stå på "sikker" plass grunna arbeidssituasjon.

3. Orientering ang. planlagt ope møte om Sognefjellstunellen

4. Antal kommunestyrerepresentantar i Luster neste kommunestyreperiode


Vil du ha ei melding kvar gong det blir lagt ut noko på denne bloggen? Send ein epost til
finn.skare@gmail.com

mandag 23. august 2010

Så er hausten her.

No startar sesongen innan politisk arbeide att.

Tysdag 24.08. er det styremøte med slik sakliste:

Kandidatar frå Luster til fylkestingslista. Tor Bremer er som me veit gått ut av fylkespolitikken i perioden og det er eit mål for Luster å få ny kandidat på sikker plass på lista.
Frist for å komme med kandidatar er 30. august og me har som mål å ferdighandsama denne saka på dette møtet.

Sognefjelltunellen. Med har som mål å arrangere eit folkemøte om prosjektet i løpet av hausten. På dette møtet skal me drøfte innhold og tidspunkt for møtet.

Siste nytt frå nominasjonsnemd og programnemd. Programnemda har ikkje komme i gang med arbeidet enno, men nominasjonsnemda skal ha møte før styremøtet.

Som alltid er me også opne for innspel i saker som ikkje står på saklista.


Vi har som mål å orientera medlemmar og sympatisørar om kva som rører seg i Luster Arbeidarparti gjennom denne mailen. Det er no ca 35 personar som får epost kvar gong det kjem ny blogg. Dersom du kjenner nokon som kan ha interesse av å lese desse så tips dei gjerne. Dersom du ikkje er på lista men ynskjer å komma der, send meg ein epost: finn.skare@gmail.com


Luster Arbeidarparti

Finn Skare
leiar





søndag 6. juni 2010

Programkomferanse i Florø.

Fredag kveld og laurdag var Finn Skare, Kirsten Vikdal og Ivar Buskaker på programkonferanse i Florø. Det var Sogn og Fjordane Arbeidarparti som arrangerte denne fyrste samlinga som skal munna ut i fylkesvalprogram til valet hausten 2011.
Av saker som Luster ivrar mest for er tunell gjennom Sognefjellet. Der har me god støtte frå både fylkesleiar Nils P. Støyva og fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes. Prosjektet vart føreslege inn i progerammet frå dette møtet.

Til hausten har Luster Arbeidarparti, ev. i lag med andre samarbeidspartnarar, som mål å arrangera eit folkemøte om sognefjelltunellen som ny hovudveg frå sørveslandet til nordgudbrandsdalen og Trøndelag. Også dette arbeidet er Nils P Støyva positiv til å delta i.

Vidargåande skule er også eit tema som det knytest mykje spaning til framover. Prognosane fortel at det vert 1000 færre elevar der i åra som kjem. Dette må nødvendigvis gå utover skular eller skuleklassar. Vår spesialiserte vidaregåande skule på Hafslo er sjølvsagt også i faresona, men med godt arbeide frå skule og alle andre partar håpar me at det skal gå bra.


torsdag 20. mai 2010

Styremøte

Mandag 31. mai blir det styremøte i Luster Arbeidarparti.

Saker som skal handsammast er:

Val av nemd som skal sjå på organisasjonen vår.
Me har no prøveordning med medlemsmøte i staden for representantskap som øverste organ mellom årsmøta.
Me har 4 lokallag som er pålagd viktige oppgåver blandt anna i nominasjonsprosessen. Skal dette fortsetta, eller skal lokallaga ha mindre ansvar slik at dei kan leggast i "dvale" utan nokon formelle konsekvensar
Dette er to forhold som nemda skal sjå på fram til neste årsmøte.

Programkonferanse i Florø 4 - 5 juni.
Dette er fyrste møte fram mot eit valprogram for Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Me er representert med tre personar, Finn Skare, Ivar Buskaker og Kirsten Vikdal. På dette møtet vil me bestemme strategiar og saker utsendingane skal arbeida mest med å få med i programmet.

Møte ang. Sognefjelltunellen til hausten.
Partiet har lenge hatt tankar om å arrangere eit slikt møte. No vil me forsøke å legge ein "arbeidsplan" som kan gjere dette til verkelegheit.


Denne bloggen er meint som informasjon til medlemmane om kva som rører seg i Luster Arbeidarparti. Har du meiningar om noko er du hjarteleg velkommen med dei.
Gjerne til meg som leiar på epost: finn.skare@gmail.com

Finn Skare
-leiar-




tirsdag 4. mai 2010

Medlemsmøte om skulestruktur.

Luster Arbeidarparti held medlemsmøte mandag den 10 mai kl 19.00 på rådhuset i Gaupne.
Sakliste:
  • Framtidig skulestruktur i Luster. Kommunestyret har pålagt seg i budsjett og økonomiplan å føreta ein gjennomgang av skulestrukturen og det låg også inne økonomiske innsparingar i økonomiplanen som skal komma ut av denne gjennomgangen. No har formannskapet sendt saka til dei politiske partia for uttale.
Drøftingsnotat

  • Framtidig organisasjonsstruktur i Luster Arbeidarparti. Innspel til planarbeidet. Årsmøtet påla styret å utgreia dette. Det vesentlege er kanskje om me skal oppretthalda ordninga med lokallag og kva oppgåver desse eventuellt skal ha. Også ordninga med representantskap må utgreiast. Me har no medlemsmøte som øverste organ mellom årsmøta som prøveordning. Eventuelle endringar i vedtektene vert sak på årsmøtet 2011. På dette møtet er det lagt opp til å få innspel frå medlemmane for vidare arbeide med saka.

  • Ymse

1 mai i Luster


1 mai vart feira på tradisjonellt vis i år også. Kl 13 samlast ca 40 personar med hjarta for 1.mai på Pyramiden Senterkafe med eit program innehaldande allsang, visesang, trekkspelmusikk og tale for dagen av varafylkesordførar Åshild Kjelsnes.
Men dagen starta med den tradisjonelle 1. mai frukosten på Fjordstova. Der var det rekordoppmøte. Omkring 65 personar var innom der for ein politisk svadl og ein matbete.
Åshild var også der og heldt ein liten helsingstale til forsamlinga.

Kl. 16.00 var det kaffi og kaker for bebuarane på omsorgsentera og eldresentera. Her er eit bilete frå Gaupne Omsorgsenter. Som biletet viser var det stort oppmøte.

fredag 23. april 2010

1.mai i Luster

Åshild Kjelsnes, varaordførar og samferdslepolitikar er hovudtalar på arrangementa på 1. mai i Luster.

Programmet ser slik ut:

Skjolden
Kl 09.00 - 11.00 !. mai frukost på Fjordstova. Åshild deltek.

Luster
Kl 16.00 Kaffi og kaker til bebuarane på Luster Omsorgsenter og Luster Eldresenter.

Hafslo
Kl. 16.00 Kaffi og kaker til bebuarane på Hafslo Omsorgsenter.

Gaupne
Kl 11.00 Korpskonsert med Gaupne ungdoms og skulekorps ved Gaupne Omsorgsenter.
Kl 15.00 Kaffi og kaker på Gaupne Omsorgsenter


12.30 Hovudarrangement på Pyramiden Senterkafe.
  • Korpsmusikk
  • Tale for dagen ved Åshild
  • Apell
  • Underholdning
  • Utloddning
Pyramiden Senterkafe tilbyr buffè med kalde og varme rettar.


Alle hjarteleg velkomne.



tirsdag 13. april 2010

Kommunestyret og sjukehusreformen

Luster Kommunestyre handsama uttale om sjukehusreformen tirsdag. Debatten kan høyrast ved å klikka på Radio Luster

Her finn du vedtaket som fekk 25 røyster. Dei 4 representantane til Krf røysta for rådmannen si tilråding som går inn for poliklinikk på Lærdal og Eid (Helse Førde sitt alternativ 1)



mandag 12. april 2010

1. MAI I LUSTER

Fylkesvararordførar og samferdslepolitikar Åshild Kjeldsnes vert 1.mai-talar i Luster i år.
Me kjem seinare attende til program for dagen.

Representantskapsmøte i S. og Fj. Arbeidarparti 15.04.


Torsdag 15. april er representantskapen i Sogn og Fjordane Arbeidarparti innkalla til møte.
På saklista står det ei sak:
Sak 2/10: Helsepolitikk i Sogn og Fjordane
Luster Arbeidarparti som det nest største kommunepartiet i fylket stiller med 9 av totalt 75 representantar.
Her er ymse utalar som ligg føre:

Helse Førde Strategidokument
Uttale frå Flora Arbeidarparti
Uttale frå Vågsøy Arbeidarparti
Uttale frå Førde Arbeidarparti
Uttale Frå Lærdal Arbeidarparti
Utale frå Årdal Arbeidarparti

Luster Arbeidarparti sitt vedtak i saka finn de lengre ned på denne bloggen.

onsdag 7. april 2010

Uttale om sjukehusstrukturen i S pg Fj

Foto: Kjell Eldegard Sogn Avis


'Føljand uttale vart vedteken på medlemsmøte i Luster Arbeidarparti den 6 april:

HELSE FØRDE SIN STRATEGIPLAN 2010 2020 – UTTALE FRÅ LUSTER ARBEIDARPARTI:

Utgangspunktet for kommunepartiet sin høyringsuttale er at:

Omgjering av Lærdal sjukehus til lokalmedisinske senter, fjerning av akuttfunksjonar og fødetilbod vert av befolkninga sett på som det same som å leggje ned lokalsjukehuset vårt.

Luster Arbeidarparti meinar:

1. At det verta iverksett naudsynte tiltak for å sikre at Helse Førde kan og vil vidareføre ein sjukehusstruktur med to lokalsjukehus og eitt sterkt sentralsjukehus i Sogn og Fjordane.

2. At regjeringa gjennom ein nasjonal helse- og omsorgspolitikk sikra befolkninga i distrikta nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod..

Me meiner at avstanden ved akutte tilfelle vil vera for stor, mellom dei lengste i landet, me krev likeverdige tilbod.

3. At spørsmål om eventuell omgjering av lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra, fjerning av akutttilbod og fødeteneste, må leggjast fram for regjeringa til avgjerd. Slike avgjerder og tolking av den politiske plattforma til fleiralsregjeringa må ikkje overlatast til helseforetaka åleine.

4. At vesentlege endringar i tenestetilbodet og oppgåvedelinga mellom den statlege spesialisthelsetenesta og kommunane må kome som ei følgje av ein nasjonal helse- og omsorgspolitikk der den politiske plattforma til fleirtalsregjeringa vert lagt til grunn og ikkje som ei følgje av helseføretaka sine underskot.

5. Luster Arbeidarparti reagerer , og opplever det som lite tillitsskapande, at Helse Førde i høyringsdokumentet opnar for å fjerne all aktivitet frå Lærdal sjukehus og å flytte denne til eit nytt lokalmedisinsk senter i Sogndal.

Bakgrunn:

Helse Førde stiller som krav at høyringsuttaler / innspel må ta i vare kravet om moderne, kunnskapsbaserte og trygge tenester innan tilgjengelege økonomiske rammer til innbyggjarane i heile Sogn og Fjordane. Dette er dei same krava som gjer at styret i helseforetaket tilrår modell 1 framfor modell 2 og 3 og for at ein i strategidokumentet vel å ikkje utgreie ei vidareføring dagens struktur med to lokalsjukehus og eitt sentralsjukehus. I realiteten vert då høyringsinstansane bedne om å avgrense uttalen til modell 1.

Heile rapporten ber og preg av at Helse Førde først har drege konklusjonane og så utarbeidd ein tilpassa rapport med ein slik konklusjon. At viktige mål som å oppretthalde nærleik til akuttfunksjonane og fødetilbodet omtrent ikkje er omhandla i rapporten viser dette. Luster Arbeidarparti kan ikkje godta ein slik framgangsmåte og prosess og meiner at ein her må stå fritt til også vurdere dei andre modellane og dagens struktur.

Modellen som styret i Helse Førde tilrår – der lokalsjukehusa vert gjort om til lokalmedisinske sentra – står heilt klårt i motstrid til den politiske plattforma til fleirtalsregjeringa (sitat):

Regjeringa vil vidareføre arbeidet med ei betre arbeidsdeling mellom sjukehus. Dette kan innebere at somme sjukehus skal gjere andre oppgåver enn i dag, blant anna sett i samanheng

med samhandlingsreforma. I dette arbeidet blir det lagt til grunn at dagens desentraliserte sjukehustilbod skal oppretthaldast. Det vil blant anna sikre nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod, sjølv om slike tilbod ikkje blir gjevne ved alle sjukehus. Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned”.

Dersom ein gjer om lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra slik som styret i Helse Førde tilrår, går ein feil veg så lenge målet til regjeringa er å oppretthalde nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod.

Luster Arbeidarparti er særs kritisk til at endringane som Helse Førde gjer framlegg om, kjem som ein direkte konsekvens av den økonomiske situasjonen til helseføretaket og ikkje som ei følgje av ein tydeleg nasjonal helsepolitikk.

Vi finn grunn til å peike på at:

· Regjeringa arbeider med ein Nasjonal helse- og omsorgsplan og at denne skal leggast fram i løpet av året.

· Stortinget sin helse- og omsorgskomité skal gje innstilling om ”Samhandlings-reforma” 20.04.10.

· Regjering og Storting har bestemt at dei regionale helseføretaka saman med kommunane skal utarbeide ein fleirårleg, heilskapleg og lokalt tilpassa plan for fødetilbodet. (Innst.S. nr 240). Ein slik plan ligg ikkje føre

Luster Arbeidarparti opplever no at Helse Førde på grunn av budsjettsituasjonen spring i førevegen av alle overordna og nasjonale prosessar. Det vert lite samsvar mellom det som vert sagt frå Regjering og Storting si side,og det som faktisk skjer i distrikta.

I strategiplanen forskotterer Helse Førde i stor grad ”Samhandlingsreforma”. Dette skjer før den er vedteken av Stortinget. Omgjering av lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra - med kommunale tenester som skal kome før, i staden for og etter sjukehusbehandling - føreset ein vesentleg medverknad frå kommunane si side – både økonomisk og personellmessig. Rapporten er difor mykje prega av synsing og at det i vurderingane er lagt usikre føresetnader til grunn.

Vi har merka oss at regjeringa i stortingsmelding nr 47 (Samhandlingsreforma) skildrar og drøftar oppgåver som den kommunale helse- og omsorgstenesta kan få ansvar for i framtida. Det vert uttalt i meldinga at:

”Hvilke oppgaver, omfanget av disse og tidspunkt for iverksettelse, vil Regjeringen ta stilling til etter at Stortinget har behandlet stortingsmeldingen”

Og vidare:

”Kommunane skal ikke pålegges nye oppgaver uten at de blir gitt nødvendige ressursforutsetninger for dette”

Vi forventar at dette vert gjort gjeldande også i Sogn og Fjordane.

Omgjering av to lokalsjukehus til lokalmedisinske sentra vil auke pasientstraumen ut av fylket. Gjennom fritt sjukehusval vil truleg eit fleirtal av befolkninga på sørsida av Sognefjorden søkje sjukehusbehandling på Voss og på Haukeland.

Luster Arbeidarparti meiner at Helse Førde undervurderer dei faglege og økonomiske konsekvensane av dette. Det same gjeld kva verknader dette kan få for tenestetilbodet som sentralsjukehuset vil vere i stand til å yte i 2020.

Modellen som Helse Førde tilrår, er heilt klårt av prinsipiell betydning, har vesentlege samfunnsmessige verknader og inneber omfattande endringar i tenestetilbodet. Etter lov om helseforetak § 30 og vedtekter for regionalt helseforetak § 9 skal saker som dette leggjast fram for departementet som eigar til avgjerd.

Luster Arbeidarparti meiner at befolkninga og kommunane i Sogn og Fjordane er best tent med ei vidareføring av eksisterande struktur med naudsynte tilpassingar.

onsdag 31. mars 2010

Medlemsmøte 6. april



Luster Arbeidarparti arrangerar medlemsmøte tysdag 6. april kl 19.00 på Rådhuset.

Styret møter kl 18.30.


Sakliste:

1. Sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane
Innleiing av kommuneoverlege Knut Schønberg og leiar for Lærdal Arbeidarparti Knut Aaretun


2. Val av nominasjonsnemd og programnemd.

3. Skulestrukturen i Luster



Gamle og nye medlemmar hjarteleg velkomne

Styret