torsdag 20. mai 2010

Styremøte

Mandag 31. mai blir det styremøte i Luster Arbeidarparti.

Saker som skal handsammast er:

Val av nemd som skal sjå på organisasjonen vår.
Me har no prøveordning med medlemsmøte i staden for representantskap som øverste organ mellom årsmøta.
Me har 4 lokallag som er pålagd viktige oppgåver blandt anna i nominasjonsprosessen. Skal dette fortsetta, eller skal lokallaga ha mindre ansvar slik at dei kan leggast i "dvale" utan nokon formelle konsekvensar
Dette er to forhold som nemda skal sjå på fram til neste årsmøte.

Programkonferanse i Florø 4 - 5 juni.
Dette er fyrste møte fram mot eit valprogram for Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Me er representert med tre personar, Finn Skare, Ivar Buskaker og Kirsten Vikdal. På dette møtet vil me bestemme strategiar og saker utsendingane skal arbeida mest med å få med i programmet.

Møte ang. Sognefjelltunellen til hausten.
Partiet har lenge hatt tankar om å arrangere eit slikt møte. No vil me forsøke å legge ein "arbeidsplan" som kan gjere dette til verkelegheit.


Denne bloggen er meint som informasjon til medlemmane om kva som rører seg i Luster Arbeidarparti. Har du meiningar om noko er du hjarteleg velkommen med dei.
Gjerne til meg som leiar på epost: finn.skare@gmail.com

Finn Skare
-leiar-




tirsdag 4. mai 2010

Medlemsmøte om skulestruktur.

Luster Arbeidarparti held medlemsmøte mandag den 10 mai kl 19.00 på rådhuset i Gaupne.
Sakliste:
  • Framtidig skulestruktur i Luster. Kommunestyret har pålagt seg i budsjett og økonomiplan å føreta ein gjennomgang av skulestrukturen og det låg også inne økonomiske innsparingar i økonomiplanen som skal komma ut av denne gjennomgangen. No har formannskapet sendt saka til dei politiske partia for uttale.
Drøftingsnotat

  • Framtidig organisasjonsstruktur i Luster Arbeidarparti. Innspel til planarbeidet. Årsmøtet påla styret å utgreia dette. Det vesentlege er kanskje om me skal oppretthalda ordninga med lokallag og kva oppgåver desse eventuellt skal ha. Også ordninga med representantskap må utgreiast. Me har no medlemsmøte som øverste organ mellom årsmøta som prøveordning. Eventuelle endringar i vedtektene vert sak på årsmøtet 2011. På dette møtet er det lagt opp til å få innspel frå medlemmane for vidare arbeide med saka.

  • Ymse

1 mai i Luster


1 mai vart feira på tradisjonellt vis i år også. Kl 13 samlast ca 40 personar med hjarta for 1.mai på Pyramiden Senterkafe med eit program innehaldande allsang, visesang, trekkspelmusikk og tale for dagen av varafylkesordførar Åshild Kjelsnes.
Men dagen starta med den tradisjonelle 1. mai frukosten på Fjordstova. Der var det rekordoppmøte. Omkring 65 personar var innom der for ein politisk svadl og ein matbete.
Åshild var også der og heldt ein liten helsingstale til forsamlinga.

Kl. 16.00 var det kaffi og kaker for bebuarane på omsorgsentera og eldresentera. Her er eit bilete frå Gaupne Omsorgsenter. Som biletet viser var det stort oppmøte.