søndag 6. juni 2010

Programkomferanse i Florø.

Fredag kveld og laurdag var Finn Skare, Kirsten Vikdal og Ivar Buskaker på programkonferanse i Florø. Det var Sogn og Fjordane Arbeidarparti som arrangerte denne fyrste samlinga som skal munna ut i fylkesvalprogram til valet hausten 2011.
Av saker som Luster ivrar mest for er tunell gjennom Sognefjellet. Der har me god støtte frå både fylkesleiar Nils P. Støyva og fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes. Prosjektet vart føreslege inn i progerammet frå dette møtet.

Til hausten har Luster Arbeidarparti, ev. i lag med andre samarbeidspartnarar, som mål å arrangera eit folkemøte om sognefjelltunellen som ny hovudveg frå sørveslandet til nordgudbrandsdalen og Trøndelag. Også dette arbeidet er Nils P Støyva positiv til å delta i.

Vidargåande skule er også eit tema som det knytest mykje spaning til framover. Prognosane fortel at det vert 1000 færre elevar der i åra som kjem. Dette må nødvendigvis gå utover skular eller skuleklassar. Vår spesialiserte vidaregåande skule på Hafslo er sjølvsagt også i faresona, men med godt arbeide frå skule og alle andre partar håpar me at det skal gå bra.